1. «Goodbye chela». Hadde noken sendt eit skikkelig smask og ropt «hola bonita» etter meg på gata i Norge, hadde eg trudd dei var heilt tullerusk. I Nicaragua vart det min første vesle kulturkræsj. Som jente blir ein nemlig vurdert opp og ned av mannfolka ein ser på gata, om dei er ti år eller 55. Etter dei første vekene med ubehag lærte eg meg å begrava min vestlege trang til å slenge ein frekk og freidig kommentar tilbake. Etter nokre fleire veker byrja eg å skjønne at kanskje ikkje alle kommentarane eigentleg var kjipe og seksualiserte, men rett og slett «heisann, du er kvit». Dessutan kjem eg sikkert til å dette ned i verdas største sjølvtillittsdump når eg kjem heim att og ikkje får høyre kor vakker eg er ti gonger for dagen.
  1. Alt har sin eigen rytme i nicaragua. Som Solveig har nemnt før, er nicatime eit begrep ein ikkje kjem unna når ein bur i dette landet. For eksempel når ein går på gata. Neste forelesning begynnar om sju og eit halvt minutt, og du endar sjølvsagt opp med å gå i helane på ein dameflokk som går i null komma tre kilometer i timen. Du ser ditt snitt til å snike deg forbi i mellom taxiane, men neste person endar opp bak er jo like treig! Rett og slett fordi alt og alle går i dette tempoet, det er du som er raringen som strenar avgarde. Tranqiila chela, slutt å stress, då.
  1. Nicaraguanarane har ei utruleg evne til å henge. Henge i parken, henge på hjørnet, henge i gyngestolane sine, henge ved katedralen. Der snakkar dei med venner, men turistar, et fritert mat, og slappar av. Dei unge flørtar og kliner, borna leikar og spring, dei eldre ser på folk og pratar. Tranquilo, esta bien. I Noreg heiter det kvalitetstid, og ligg i den halvtimen mellom forelesning og timen på spenst.
  1. So kjem regnet. Det er nemlig regntid her i Nicaragua, noko som vil seie at det berre er rundt 27 grader og det kjem som oftast ei heftig tordenbyge kvar kveld. Og når den byga kjem, då set ein alt på pause. Har du ein avtale når det byrjar å regne, blir den avlyst eller utsatt. Ein går jo ikkje ut i regnet, hallo! Bortsett frå oss sære skandinaviske studentar, som traskar rundt med våre flipflops og regnjakkar og ikkje begymrar oss så hardt for at sveisen blir ødelagt. For me har slettes ikkje tid å vente ein halvtime til regnet er over.
  1. Ein ting du alltid må vente på, er MAT. Herre min hatt, kor mykje eg har venta med romlande mage desse to månadane. Om så de er dei einaste gjestene i heile restauranten, kan det ta ein time før maten er klar. Og det sjølv om du berre ville ha spagetti bolognese fordi det er lett.Min favorittrestaurant har difor blitt gatebodene bak katedralen. Der kan ein kjøpe friterte risbollar, friterte bananer, friterte enchiladas, gallo pinto (ris og bønner, så godt som nasjonalretten her) og verdens deiligaste marinerte kjøtt og kylling. Du peikar, ho runde dama med forkle og smilehol slenger det to minuttar på grillen, smacksmack, du har mat i magen. Etter mykje heilt-ok restaurantmat er det faktisk skikkelig digg med litt ekte, kjapp nicamat. Tette blodårer kan eg begymre meg for når eg blir gammal.
  1. Har du sett Dirty Dancing 2? Du hugsar du kanskje la Rosa Negra, og du kan sjå for deg favoritt-uteplassen vår, la Olla Quemada på ein torsdag. Her er det hoftevrikking i verdensklasse, salsa og bachata, svette kroppar og småflaue backbackarar imellom dei lokale salsadansarane. Den medfødte rytmen nicaraguanarane har, kan denna gjengen med stive skandinavarar berre draume om. Og gutar, hoftevrikking er definitivt ikkje femi..

Denne lista med fenomen eg likar, irriterar meg over og lærer av fortset og fortset, men no har eg ikkje tid å legge på meir. Eksamenstida nærmar seg, og mine norske stress-nerver er aktivert. Oppdatering kjem, no må eg ut på stranda å roe meg ned. Ein må ta det tranquilo, det har eg lært av Nicaragua.

– Sigrid

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *