I Noreg et me mange snåle ting. Til dømes elskar me det snodige fenomenet lutafisk med bacon. Me et raspeballar og torskehovud, pinnakjøt og smalahåve. Me forbinder det med store dagar og ser fram til det i lang tid, og kjenner oss grueleg norske når me set grytene på bordet. I Nicaragua har dei òg ein slik viktig rett – nemlig havskilpaddeegg.

Desse egga er på størrelse med pingpongballar og bukast ofte i fiskesuppe. Den storstilte sankinga har ført til at havskilpadda er ein truga art, og alt sal og bruk av egga er forbode. Forbudet blir i aller minste grad handheva, og difor har dei i naturreservatet ved stranda Las Peñitas starta eit «klekkeri» der skilpaddeeggtjuvane kan selge egga for ein betre pris enn dei får i byen. Slik får både tjuvraddane, som sjølvsagt er avhengige av denne inntektskjelda, og skilpaddene litt betre levekår.

Malene, Hilde, Ingrid og Solveig gleda seg til å sjå skilpaddemor.

Malene, Hilde, Ingrid og Solveig gleda seg til å sjå skilpaddemor.

Vår spansklærar Elisabeth er engasjert i skilpaddeprosjektet i naturreservatet. Ho inviterte oss difor med på ein «turtle walk» på stranda der skilpaddene legg egg, saman med lokale guidar som også er frivillige for prosjektet. Å, du! Det var faktisk ordentleg eksotisk. Akkurat kva som er eksotisk er vanskeleg å seie, men du kan jo bedømme sjølv: Me vart henta i ein slik svær motorbåt som fiskarane brukar på havet her i området. Bekmørkt var det, kanskje like greit slik at me slapp å sjå kva småkryp og dyr som rørde seg nedi sumpvatnet me trakka gjennom ut til båten. Det var stjernehimmel og måneskin medan båten glei gjennom kanalen innover i naturreservatet. Greinene til trea hang ut over vatnet slik at dei skapte perfekte gøymestadar for krokodiller. Me såg ingen da, kanskje like greit. Etter ein liten vandretur gjennom jungelen, småfalskt syngane på «in the jungle, the mighty jungle (awimawe, awimawe)», byrja leitinga etter skilpaddene.

Ein liten nyttig informasjon: visste du at havskilpaddene etter 18 år kjem tilbake til same stranda der dei vart klekka? Uendeleg fascinerande.. Dessutan kan dei leve i over hundre år. Dei er oss menneske overlegne, seier eg.

Me fekk i alle fall sett både spor og eit reir (heiter det skilpaddereir eigentleg?) på vegen fram. Det kulaste på heile turen var framme i campen til skilpaddeprosjektgjengen. Som «rugekassar» brukar dei store sekkar med sand, der egga skal ligge i 45 dagar før dei klekkast ut og småtrolla får hjelp til å komme seg ut i havet. Same kveld hadde dei teke imot egg frå ei einaste mammaskilpadde, heile 85 stk! Skjønnar godt at ho stikk med ein gong ho har lagt frå seg egga i grunn. Tenk å vere aleinemor for 85 pittesmå luringar, då.

"Solo de una mami!"

“Solo de una mami!”

Rugekassar for skilpaddeegg!

Rugekassar for skilpaddeegg!

Ein liten artig fakta til. Eller ein meir tragisk ein, kanskje. Av heile denne gjengen av små skilpadder, kjem berre ein 3-4 til å vokse opp å bli hundrevis av år. Her er det survival of the fittest, the circle of life og resten av jungellovene på ein gong.

Til saman traska me om lag 1,5 mil på stranda denne laurdagskvelden. Eg vil seie det var ei helg vel brukt, for makan til måneskinstur får ein ikkje oppleve ofte. Dessutan skal det vere sagt at om du tek ein dag med surfing og legg på 1,5 mil trasking, så søv du grueleg godt. I ti timar, faktisk.

Og slik nyt du dagen etter, på Rigo’s guesthouse @ Las Peñitas. Me encanta la vida.

Just another day in paradise.

Just another day in paradise.

Mengele Zoo. Treng meir plass, litt for mange tankar.

Mengele Zoo. Treng meir plass, litt for mange tankar.

– Sigrid

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *