Hopp til hovedinnhold

Eit spennande semester etter vidaregåande

Er du på leiting etter noko du kan gjere etter vidaregåande skule? Gjer som Emma (19) og ta eit semester i herlege Costa Rica!

– Eg prøvde å finne ut noko spennande og unikt eg kunne gjere før eg skulle byrje å studere.

Eg har alltid vore glad i å reise, så då eg kom over Kulturstudier, følte eg at det var midt i blinken for meg.

Costa Rica er eit land mange ønskjer å reise til, og som student får du ei moglegheit til å dykke djupare ned i dette frodige og vakre paradiset.

– Eg vurderte fleire av studia, men landa på Costa Rica fordi eg gjerne ville lære spansk, og eg likte at ein fekk tilbod om å bu i vertsfamilie.

Costa Rica var også attraktivt for meg fordi eg gjerne ville lære meg å surfe, og eg ville oppleve dei fine strendene og skogane.

På Kulturstudier sitt spanskprogram bur alle studentane i vertsfamiliar i nokre veker. Slik får dei bli kjent med lokale, øve seg i spansk, og teste ut ein annan kvardag enn dei er van med heimafrå:

– Å bu i vertsfamilie var definitivt ei god erfaring for å lære språket betre, men også for å få eit betre innblikk i kulturen til lokalbefolkninga.

Eg kunne ikkje spansk før eg reiste til Costa Rica, så i starten var det vanskeleg å kommunisere, men eg følte det blei lettare og lettare etter kvart.

– Familien eg budde hos var veldig hyggeleg, og dei var flinke til å snakke tydeleg og forståeleg, noko som gjorde det mykje lettare å kommunisere med dei. Vertsmora var også veldig flink til å lage mat!

Til frukost fekk vi for eksempel ofte gallo pinto (nasjonalretten) eller pannekaker, og alltid ei skål med fersk frukt ved sida.

Området familien budde i var også veldig fint, og hadde mange moglegheiter for turar både langs elva og opp i skogen.

Livet i Costa Rica byr også på nokre utfordringar, og studentane må lære å tilpasse seg den nye kvardagen.

– Ei utfordring som eg opplevde i kvardagen i San Isidro, var mangel på varmtvatn. I vertsfamilien hadde vi ingen tilgang på varmtvatn, og i starten var det ei stor utfordring for meg, men eg klarte å venne meg meir og meir til det.

I studenthusa var det greit med varmtvatn i dusjane, men vi måtte vaske kleda våre med kaldt vatn. Dette gjorde at det skulle meir til for at flekkar på kleda gjekk bort, men vi fekk litt tips og triks som kom godt med.

Eg vil likevel anbefale å ikkje ta med så mange kvite klede, ettersom dei ofte ikkje heldt seg kvite så lenge!

– I San Isidro likte vi å vere med på aktivitetar på ettermiddagane og i helgene.

For eksempel var det gratis Zumba to dagar i veka i idrettsparken, og i helgene var vi med på språkkaféar der det var både folk som ville lære spansk og engelsk, og vi fekk moglegheit til å lære av kvarandre.

San Isidro har også fleire gode bruktbutikkar som vi likte å besøke på ettermiddagane og i helgene.

Både lærarane og manageren var flinke til å fortelje oss når og kvar ting skjedde, så vi fekk oppleve mykje mens vi var der.

– Ein ting eg saknar med kvardagen i San Isidro, er maten. San Isidro har så mange gode restaurantar og farmers markets der dei sel fersk og god frukt. Maten vi fekk servert på universitetet var også veldig god, og definitivt noko eg såg fram til kvar dag.

Vi fekk mykje ris og bønner servert med noko protein som fisk eller kylling, og ein salat. Maten på skulen var også lett å like for alle fordi manageren vår, Raquel, passa på at alle matpreferansar og allergiar blei tatt hand om.

Med Kulturstudier er du fulltidsstudent, og får norske studiepoeng samtidig som du får lokale poeng frå vår samarbeidspartner. Du kan studere på nybyrjarnivå eller høgare nivå viss du kan litt spansk allereie.

Sjølv om du studerar på fulltid, har du så klart fritid og moglegheit til å reise omkring og utforske både Costa Rica og nabolanda:

– Vi brukte mykje av fritida vår i Costa Rica på å reise både rundt i landet og til andre land i Mellom-Amerika.

I Costa Rica besøkte vi Puerto Viejo, der vi snorkla med haiar og besøkte frodige nasjonalparkar med mange dyr som dovendyr, slangar og krokodillar. Vi besøkte også fleire strender og surfa rundt omkring i Costa Rica.

Vi besøkte Panama, Nicaragua og Mexico. I Mexico fekk vi oppleve feiringa av Día de los Muertos, som er ei stor feiring av dei døde.

I Nicaragua aka vi ned ein aktiv vulkan, og i Panama fekk vi snorkle i fine korallrev og sjå morild i sjøen på kvelden!

Kommende arrangementer

På informasjonsmøtene våre møter du tidligere studenter. Du kan stille spørsmål om studiene, hverdagslivet, og reising og få tips og råd basert på deres erfaringer fra studier i utlandet.

Vi arrangerer infomøter både digitalt og fysisk i Oslo, Bergen, og Trondheim.

Ønsker du at vi skal komme til din by og arrangere infomøte? Kontakt oss, så ser vi hva vi kan få til!

Populære studier

Se allearrow-right
Kulturstudier på Tiktok
Kulturstudier Instagram

Nysgjerrig på hvordan det er å studere i utlandet?

Følg Kulturstudier

Få et innblikk i studentenes opplevelser i de ulike studielandene! Hvert semester tar studentene over kontoen vår på TikTok og Instagram.

Ta testen

Hva og hvor bør du studere?

Finn det perfekte studiet basert på det som er viktig for deg.

Kom i gang

Søk studieplass

Klar for å se verden? Send inn en uforpliktende søknad, så tar vi kontakt med deg og hjelper deg på veien videre.