
"Feltarbeidet styrkte verkeleg motivasjonen min vidare i studiet"
Vil du studera i utlandet? Dina (23) tok eit semester i Ghana, der ho blant anna reiste på feltarbeid i fiskarlandsbyen Biriwa.

I vakre Cape Coast tilbyr Kulturstudier eit semester med Utviklingsstudier 2. I dag er byen ein livlig studentby, men han har òg ei historie som ein av dei stadene der flest menneske vart sendt frå heimlanda sine og selde som slaver over Atlanterhavet:
– Ei oppleving frå Ghana som festa seg sterkt i minnet, og som gjorde sterkt inntrykk på meg, var da vi besøkte Cape Coast Castle i starten av oppholdet.
Eg har lese mykje om slavehandelen i historiebøker og lært om det på skulen, så eg hadde ein viss kunnskap fra før, men det å stå på den faktiske plassen der så grufulle hendingar gjekk føre seg, var heilt spesielt.

– Å høre dei detaljerte forteljingane om korleis menneske vart behandla, og samtidig stå i dei samme rommene der det hende – det er vanskeleg å setje ord på.
At Cape Coast også var ei av dei viktigaste hamnene for frakt av menneske som vert seld som slavar, gjorde også opplevinga enda sterkare og verkelig tankevekkande då eg stod der.

Dei tre vekene med feltarbeid er noko mange studentar trekkjer fram som eit høgdepunkt frå semesteret i Ghana. Her får ein delta i eit lokalsamfunn og gjennomføra eit lite forskingsprosjekt:
– Gruppa mi gjorde feltarbeid i Biriwa, ein fiskarlandsby ikkje så langt unna Cape Coast.
Temaet vårt var fattigdom og utvikling, og meir spesifikt fiskeindustrien i Biriwa.
Eg syns feltarbeidet var ei utrolig lærerik oppleving, både på fagleg og personleg nivå.
Vi fekk moglegheita til å være tett på lokalsamfunnet. Dei som budde der var veldig åpne og hyggelege, og bad oss med på fleire aktivitetar som var relevante for feltrapporten vår.

– Vi kom nærare dei lokale enn eg hadde forventa, og det syns eg var veldig stas. Heile feltopplevinga ga meg eit minnerikt innblikk i kvardagen og utfordringane i Biriwa.
Det var ein del arbeid som skulle gjøres: innsamling av data, intervju, observasjoner og så vidare, noko eg synast var veldig givande. Vi fekk sjå korleis teori kunne brukast i praksis, sjå litt meir med egne øyne, og ikkje bare lese i ei bok.
Eg synest også feltarbeidet var med på å styrke vennskapene mine i gruppa, og eg lærte meir om båe kommunikasjon, tilpassing av arbeid og korleis det er å jobbe i team i ei ny setting.

– Feltarbeidet var intensivt, men ei veldig positiv oppleving som har gitt meg ei bedre forståing for rolla feltarbeid har i forsking, og det styrkte verkeleg motivasjonen min vidare i studiet.
Det eg elles likte aller best med kvardagen i Cape Coast, var dei vekentlige dansetimene vi hadde.
Det var så gøy, og vi fekk bli bedre kjende med den lokale kulturen. På avslutningsfesten opptredde dansegruppa for dei andre – ei koselig og minnerik oppleving!

Ønskjer du eit semester utanom det vanlege? Ta kontakt med oss for å høyra meir om feltarbeid, studier og kvardag i Cape Coast!
Studiet byggjer på Utviklingsstudier 1 i Vietnam.
Har du 60 studiepoeng i samfunnsvitskap, kan du vera med utan å ha fullført studier i Vietnam først.