For ei veke, for ei helg. Kort oppsummert, så har det vore spansk, salsa, svette kroppar, surf og sol. Som Solveig nemnde, hadde vi ein råbra velkomstfest fredagskvelden. Huset vårt, Monkey republic, var pynta med fargerike lyslenker og blomar. Heile området lukta av krydder og kvitløk frå den nicaraguanske maten vi vart servert, og latteren rundt borda overdøyvde både regnet og torevèret.

Det lokale «dansebandet» var det som verkeleg sette stemninga. Salsamusikken drog både oss cheles og dei lokale ut på golvet. Kan sei vi gjorde vårt beste for å holde tritt med nica-gjengen, men herlighet: for noken rytma dei har i kroppen! Sminken rann rett av etter første fem minuttane på golvet, men alle gav i grunn blaffen. For ein kveld, Leòn! Du innfrir alle forventningar.
IMG_0164
Las Chicas e klar for fiesta!
IMG_0193

IMG_0251
Let’s salsaa
IMG_0257
Mildt sagt heitt på dansegolvet. og dette var tidleg.

Og laurdag, då. Kva gjer ein når ein kjekk, lokal surfar bankar på døra for å ha deg med på stranda klokka åtte dagen derpå? Du slenger på deg ein bikini, hiv solkremen i sekken og spring huset rundt etter skoa du slengte ein eller anna plass natta før, sjølvsagt. Ein time på lasteplanet til ein kvit pickup saman med ein gjeng sveitsiske jenter, ein danske, ein svenske og ei cola zero kan kurere ei kvar fyllesjuke. Den siste resten tok stranda knekken på, der den møtte oss eine og aleine, som om den berre var til for oss. Timesvis i sola og på surfebrettet med stavrande spansk klarte å slite oss ut lell. Då var det greit å nyte ei øl og ein latinamerikansk solnedgang i ei hengekøye på ein restaurant i ingenmannsland. Ingen visste kvar me var, og alle gav blanke søren. Sånn der yolo, veit du.

Men søren, at eg gløymde kameraet mitt..

Så veit du, vart det søndag! Og den 150 år gamle vulkanen Serro Negro venta. Fine kulturstudiefolka ordna utflukt for oss, med vulcano boarding og det heile. Vulcano boarding er tilsvarande sand boarding som me gjorde i Australia med folkehøgskulen for snart to år sidan (!!!). For dei som ikkje var med der, kan det forklarast så enkelt som at ein sit på ei treplate som fungerars om akebrett ned ein bratt skråning med vulkansand. Den var rundt 45 grader på det brattaste, du og du kor det gjekk. Opp i 93 km/t kunne det gå om ein verkeleg la seg bakpå. Ikkje det at eg var heilt der oppe da, men likavel! Vart vulkansand både til middag og hovebotnskrubb den dagen,gitt.
IMG_0300

IMG_0323

IMG_0336
Serro Negro. Hadde forrige utbrot i 1995..
IMG_0361
Det aller beste med vulcanoboarding er desse lekre draktene.
IMG_0366
Herlig!
IMG_0369

IMG_0374
Vår fantastiske guide,fix-it-all og deltidspirat: Rigo.

Skulen begynna å kreve sitt her i Leòn. Folk sit med lekser til alle døgnets tider, og det går i spanske verb og kolonitiden i mente. Så sjølv om det står mykje om det deilige, eksotiske nica-livet her, er det berre fordi me alle andre dagar sit å puggar verb.

Buenos noches! – Sigrid

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *