Vivo en paraíso

Før var eg overtydd om at ingen kunne måle seg med Noreg sin natur, utanom Alaska, kanskje. Men eg er ikkje lenger så sikker.

På guida besøk i León Viejo, ruinane av gamle León, får vi eit litt betre innblikk i den innhaldsrike historia til Nicaragua, i tillegg til vakker utsikt over Lake Managua.

IMG_3551 Vulkan Mototombo og Lake Managua.

Deretter ber det innover i skogen på humpete jordvegar i to små lastebilar, før vi vert sleppte av for å gå siste stykket mot målet: Laguna del Tigre.

IMG_3568

IMG_3629 Mario og Antionio (aka Chele) er bærsankarar i fart.

Bratt opp og bratt ned. Sveitten renn, som alltid. Late greiner heng frå tre på begge sider av råsa, og dannar ein boge over hovuda våre. Halvvegs nede i bakken opnar det seg ei lita lysning og vi ser lagunen, omkransa av fjell og vulkanar kledde i eit grønt teppe av skog. Lenge leve regntida.

IMG_3580

IMG_3586 Niklas striking a pose ved Laguna del Tigre.

Vatnet er herleg varmt. Midt utpå ser ein ikkje anna enn urørt vegetasjon. Eg tittar meg rundt etter Pochahontas, noko som er litt korttenkt – alle veit at ho kan å gøyme seg.

Vi plaskar rundt og leikar oss som små ungar, før vi traskar tilbake og søv heile bussturen heim til hostellet.

IMG_3617 Oh happy day – Siv (aka Sib) og Mim.

Matplanane for kvelden vert noko punkterte av at ein kropp med to auge og eit påbyrja nebb kjem ut av egget saman med eggeplomma. Men kva gjer vel det, etter å ha vore ein dag i paradis?

– Solveig

Ps. Må lure med eit lite bilete frå lesesalen til slutt:

IMG_3514

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *