Gjennom oppveksten lærte eg kva som er rett og gale, kva som er sant og usant, og kven eg kan stole på og ikkje. Det eg ikkje lærte var at dette gjeld fyrst og fremst for vår måte å leve på – det norske, og kanskje til og med vestlandske, verdsbilete. Og så reiser eg litt, då. Eg tenkjer at det er spennande å sjå andre stadar og prate med folk som kjenner desse stadane. Eg reiser ut i verda for å verte vis, og for å kome vekk frå det kjente som legg band på meg.

Alle nordmenn veit at det finst kulturar som ikkje har same synet på til dømes kvinner, og at det finst nokre av dei som har fleire gudar. Men tenkjer vi nokon gong på at vårt eige innebygde og tillærte syn ikkje nødvendigvis er den ultimate fasiten? Tenkjer vi på at nordmen berre er ein liten brøkdel av alle innbyggjarane i verda? Og dersom vi tenkjer på det, kor godt forstår vi det? Kor sterkt kjenner vi det i magen og ryggrada?

Det var fyrst då eg gjekk i gatene i Mumbay at eg verkeleg kjende det i heile kroppen. Den tutande og kaotiske trafikken med stappfulle fortau av kvinner i sari, menn i dress og tiggarar langs dei moderne bygningane. Før det hadde eg vore i Chennai, som er mykje mindre vestleg inspirert. Det var i Chennai eg for fyrste gong måtte finne eit hol i trafikken å sprinte gjennom, for å kome over på andre sida av vegen. Det var i Chennai eg for fyrste gong såg ei heil familie på éin scooter og kyr valsande i trafikken. I Chennai var eg på besøk med to indiske familier og gjest i eit indisk bryllaup.

Så kvifor gjekk dette faktumet opp for meg fyrst i Mumbay?

Svaret er at i Mumbay klarte eg endeleg å prossesere det eg hadde møtt. Det demra. Vi får jo stadig høyre at Noreg er få i forhold til verdsmålestokken, at vi er privilegerte. Men å verkeleg kjenne det slik, gjer eg sjeldan. I dei fulle og travle gatene i Mumbay fekk eg endeleg eit lite inntrykk av kor få vi er i Noreg, og at alle dei nesten sju milliarda verdsbileta umogleg kan bruke det norske tankesettet som fasit.

I latinamerikastudiene våre her i Nicaragua, er kjønnsroller eitt av tema. Vi lærer om machismokulturen, som mellom anna inneber eit barskt og seksuelt aktivt mannsideal og objektivisering av kvinner. Kvinna er til for mannen, så han kan behandle henne som han vil. I juni 2012 fekk Nicaragua ei lov, lov 779, som forbyr mishandling av kvinner. Ei slik lov er faktisk nødvendig. Veldig mange menn er endåtil imot denne lova, fordi dei meiner ho indirekte går til åtak på dei.

Og vi lærer om marianismen, som refererer til Jomfru Maria og legg vekt på morsrolla som den viktigaste og reinaste rolla for ei kvinne. Ei mor skal ta vare på borna og gjere som mannen har lært henne.

Violeta Chamorro – også kjent som Doña Violeta – var president i Nicaragua frå 1990 til 1996, som den fyrste og einaste kvinnelege presidenten i historia. Ho var verken feminist eller i utgongspunktet politikar. Det seiest at ho var ein håplaus politikar, men ho vann fram fordi ho kjente folket sitt. Under valkampen kledde ho seg i kvitt, fargen for reinheit og uskuld. Ho fronta seg sjølv som den audmjuke og underdanige kona til avdøde Pedro Joaquín Chamorro. Han var ein frittalande journalist under den nicaraguanske revolusjonen på 70- og 80-talet, og måtte bøte med livet. Og Doña Violeta fronta seg sjølv som ei oppofrande mor. På same måte som ho tente mannen sin då han var i livet, skulle ho tene Nicaragua. På same måte som ho klarte å halde familien sin samla, skulle ho samle Nicaragua etter borgarkrigen.

Som nordmann, og skandinavar generelt, kan ein undre seg over at ein slik symbolikk slår gjennom. Klarte ikkje veljarane å gjennomskue denne overflatiske retorikken, og i staden sjå på politikken bak? Vart dei hjernevaska? Er mange av nicaraguanarane enno hjernevaska? Hjernevaska til å tru at det er greitt å slå kona si? Hjernevaska til å tru at jenter med shorts som stoppar midt på låret er fritt vilt? Hjernevaska til å godta at kvinna har éin plass i heimen og samfunnet, og mannen ein annan? Dette var undringane mine medan eg med lette titta på min eigen kultur, for i Skandinavia er eg ei fri kvinne.

Men kor frie er vi eigentleg? Vi synast det er innlysande at mannen skal vere helten på film. Mannen er den sterke og rolege, medan kvinna er stakkarsleg og redd. Vi går med bh som pressar puppane til opp under haka. Vi kler oss ut som ”bunny” og ”sexy nurse” på karneval. Vi trenar ikkje for å halde oss friske, eller vere i stand til å utføre fysisk krevjande arbeid eller aktivitetar. Nei, vi trener for å ha ei akkurat passeleg stor rompe, for ikkje å snakke om flat mage, stramme armar og slanke bein. Vi barberer oss under armane, på leggane og nedantil. Vi sminkar oss. Vi passar på at alle bilete som vert lagt ut på facebook viser oss frå vår beste side. Vi kritiserer hyppig kvinnelege politikarar for overvekt – dei mannlege ølmagane vert sjeldan nemnde. Vi betalar ein kirurg for å operere kroppane våre om puppane er for små, nasen for skeiv eller leppene for smale.

Det er lett å vere kritisk til andre sin kultur og syn på verda. Vanskelegare er det å sjå at sine eigne etablerte sanningar og verkelegheitsoppfatningar kanskje ikkje er så sanne likevel. Så slår sjølvkritikken med eitt ned, som lyn frå klar himmel, og eg oppfattar at min eigen kamp om sjølvaksept og –respekt er eit resultat av nettopp kjønnsroller og seksualisering i den til då så frie kulturen min. Kva slags fridom har norske kvinner, når utsjånaden er noko av det viktigaste i livet? Kva er fridom om det ikkje er å leve ut sitt fulle potensiale, eit potensiale som er uavhengig av ytre forventningar og normer?

Det er ikkje rart feministar brenner bh-ar for å få merksemd, når dei har å gjere med sånne grønskollingar som oss.

– Solveig

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *