
Đổi Mới eller kunsten å renovere eit land
Blant dei som på ein eller annan måte jobbar med utvikling, er Đổi Mới kanskje dei mest kjente vietnamesiske orda.

Đổi Mới kan bety innovasjon eller forandring til noko nytt, eller, som reformene stort sett både i Vietnam og i utlandet blir omsett til, renovasjon. Og det er jo ikkje så verst treffande.
Økonomien i Vietnam har verkeleg blitt renovert gjennom ein slags sakte og grundig nedvask og fornying av gamle tenkemåtar og gjeremåtar. Det er desse trekka som har teke Vietnam vekk frå håpløysa og inn i det vi ser i dag.
Eigentleg starta det så smått før, og eigentleg kom mange av dei store endringane på seinare tidspunkt, men 1986 er året då den sjette partikongressen til det vietnamesiske kommunistpartiet bestemte at økonomien skulle fornyast.
Så byrja vietnamesiske styresmakter sakte, men sikkert å innføre marknadsøkonomien. Altså skulle ikkje staten bestemme alt lenger.
Det blei lov å starte små, og etter kvart store, bedrifter. Etter kvart blei det også gradvis opna for utanlandske investeringar. Det var mykje prøving og feiling inne i biletet. Og det heile skjedde gradvis.

Mykje av forklaringa på Vietnams suksess ligg kanskje nettopp der, at ein var forsiktig og prøvde seg fram i staden for å over natta opne seg opp for heile verda.
Det byrja med å gjere det lettare å drive handel med jordbruksprodukt, og snart starta også avkollektiviseringa av landbruket. I staden fekk folk rett til å leige land frå staten, noko som framleis er systemet i Vietnam.
Denne landreforma blir sett på som ein av hjørnesteinane i den påfølgjande fattigdomsreduksjonen, og står som eit vellukka og fredeleg motsvar til dei feilslåtte og valdelege landreformene i Nord-Vietnam i 50-åra der særs mange blei banka opp eller drepne, skulda for å høyre til meir privilegerte klasser. Litt seinare, og særleg frå 1990, byrja det å bli opna opp for ein privat sektor i landet også utanom jordbruket.
Spør du ein vietnamesar som hugsar reformene, vil hen gjerne ikkje bry seg så mykje med 1986, men heller snakke om dei store forandringane på starten av nettopp 1990-åra. Der var då landet verkeleg byrja å ta steget frå eit lukka, sosialistisk samfunn til den framveksande økonomien det er i dag.

Samtidig satsa styresmaktene veldig på å få seg nye venar internasjonalt. Den amerikanske historikaren David W.P. Elliott kan fortelje om eit særs lukka Vietnam i 1982. Det var stor skepsis mot utlendingar, og det var generelt eit vanskeleg land å vere i og å forstå seg på for nokon utanfrå.
Det var sterke politiske spenningar og stor usemje om korleis ein skulle stille seg til resten av verda. Politisk integrering var ein sentral del av Đổi Mới, og dette opna også for den økonomiske integreringa. Med investering i modernisering av jordbrukssektoren gjekk Vietnam i løpet av kort tid frå å importere ris til å bli ein av verdas største riseksportørar.
Dette var starten på den store omstillinga i Vietnam. Med inspirasjon frå raskt veksande land som Kina og Sør-Korea var myndigheitene fast bestemt på å fornye landet gjennom sine mange motto om «modernisering og industrialisering».
Og det fekk verkeleg fart på sakene! Økonomien vaks i rekordfart, og han fortsette å gjere det gjennom både asiatiske og globale finanskriser. Gjennom 90-åra og åra etter 2000 var Vietnam blant verdas raskast veksande økonomiar, ofte berre slått av den store naboen i nord, Kina.

Sidan 2010 har det gått litt treigare, men framleis veks økonomien jamt og trutt. Vietnam var også eit av landa som klarte å halde veksten gåande gjennom covid-pandemien, mykje takka vere arbeidarar som budde i fabrikkane for å halde produksjonen oppe og ikkje bli smitta.
Naturressursar har spela ei viktig rolle i denne veksten. Frå ris og kaffi til gummi og seinare olje og kol. Men i tillegg har det blitt fart på vareproduksjonen, ofte ved hjelp av utanlandsk kapital. Klede og sko blei tidleg ein sektor i rask vekst, gjennom arbeidarar med internasjonalt ry som arbeidsame og flittige og ikkje minst billege i drift.
I nyare tid har også Vietnam blitt eit viktig land for produksjon av elektronikk. Og når no arbeidskrafta i Kina blir dyrare og kinesiske styresmakter siktar seg inn på ein serviceøkonomi, er det forventa at stadig fleire delar av det globale industrisamlebandet blir flytta til Vietnam.
Uansett har det på mange måtar vore ei positiv drivkraft for utvikling. Det same gjeld den raskt veksande servicenæringa, der landet blant anna tek imot millionar av turistar frå land som Kina, Sør-Korea, Australia, USA og Noreg.

Mopedane er eit godt eksempel på Đổi Mới. Mopedar er ikkje noko nytt i Vietnam, franskmennene tok med seg mange. Men dei var utanfor rekkevidda til vanlege folk. Etter kolonitida var det gjerne mopedar og motorsyklar frå Sovjet og Tsjekkoslovakia som gjaldt. Men framleis var det få av dei.
Vietnam var for ikkje lenge sidan ein lukka økonomi der det var særs avgrensa kva ein kunne få tak i av importerte varer. Men då Vietnam opna seg mot verda, såg asiatiske produsentar at det kunne vere potensial for ein stor marknad. Med tollmurar mot import var det best å sette opp business i landet, og dei japanske gigantane Honda, Yamaha og Suzuki, i tillegg til SYM frå Taiwan, byrja å operere i Vietnam.
Honda var klart dominerande, sjølv om det meste dei selde, kom frå selskapet sine eigne fabrikkar i Thailand. Uansett byrja mopedsalet på denne tida raskt å ta seg opp. Men framleis var det utanfor rekkjevidde for den gjengse vietnamesar. Dei var altfor dyre.
Rundt overgangen til det nye millenniet starta ei interessant utvikling som den japanske forskaren Mai Fujita har kalla «kinasjokket». Dette bestod av at kinesiske produsentar laga særs billege mopedar, ofte omtrent direkte kopiar av japanske modellar. Og for å unngå tollmurane blei dei frakta over grensa som delar og så sett saman av vietnamesiske entreprenørar.

Brått var det mogleg å få seg ein moped til ein tredjedel av prisen av dei japanske. Då fekk det heller vere at han ikkje heitte Honda, men Hongda. Dei kinesiske mopedane blei så populære at det blei full krise i Honda Vietnam, som gjekk frå nærare 70 % av marknaden i 1998 til 12 % i 2001. Ein kan også sjå det særs godt på statistikken. I 1999 blei det selt rundt ein halv million mopedar i Vietnam.
Året etter var salet oppe i 1,7 millionar! Og sidan heldt det seg høgt og toppa seg med over tre millionar selde mopedar i 2011. Men av desse tok dei gamle gigantane tilbake marknaden.
Det dei japanske selskapa då byrja å gjere, var å i større grad produsere mopedane sine i Vietnam, og også i større grad tilpassa den lokale marknaden. På den måten kunne dei gjere mopedane sine mykje billegare og ta opp kampen med kinesiske merke, som raskt fekk rykte på seg for å vere av heller tvilsam kvalitet.
Honda vann tilbake marknaden og dominerer framleis, sjølv om dei har ein viss konkurranse frå japanske Yamaha og selskap som taiwanske SYM og italienske Piaggio også hevdar seg. Ein ser i dag sjeldan kinesiske modellar, og då fyrst og fremst langt ute på landsbygda.

Den industrielle utviklinga og opninga gjorde mopedar mykje meir tilgjengeleg, akkurat som den gjorde med forbruksvarer generelt. I den nye økonomien fekk også folk eit heilt nytt behov for å flytte seg rundt.
Tidlegare hadde arbeidarar budd rundt fabrikkane og fått det meste dei trong rundt der dei budde, men no var det behov for å flytte seg lengre avstandar på grunn av nye jobbar, nye bustadar og nye fritidsaktivitetar.
Om ein også tek med at folk hadde litt meir pengar å rutte med og at vietnamesiske byar var bygd rundt tohjulingar gjennom den viktige rolla sykkelen hadde, nærmar vi oss ei forklaring på dagens mopedsamfunn.
⭑
Ein ting er å få økonomien til å vekse. Noko heilt anna er å faktisk bruke denne veksten til noko som gagnar fleire enn dei få på toppen. Å faktisk fordele den nye rikdomen. Og på dette punktet har Vietnam verkeleg fått merksemd.
Verdsbanken har kalla Vietnams utviklingsmodell «remarkably pro-poor», noko vi kan omsette med noko slikt som «merkverdig fordelaktig for dei fattige».

Både Verdsbanken og IMF har ofte omtalt landet som ein stor utviklingssuksess. Desse to institusjonane blir ofte rekna blant den vestlege kapitalismens fremste forkjemparar, så dette er slett ikkje verst skotsmål å få for eit kommunistisk regime!
Fattigdomsreduksjonen er det som oftast blir framheva. Så seint som i 1993 var omtrent to av tre vietnamesarar rekna som ekstremt fattige. Innan 2008 var det omtrent 17 prosent.
Meir enn 40 millionar menneske kom seg ut av fattigdom på 15 år. FNs utviklingsprogram UNDP har konkludert med at dette kan reknast som verdsrekord. Det same seier to leiande Vietnam-ekspertar, dei to amerikanske professorane Edmund Malesky og Jonathan London.
Kina blir ofte trekt fram i alle diskusjonar om fattigdomsreduksjon, men deira samanlikningar viser at ikkje eingong dei slår Vietnam. Og reduksjonen av fattigdom har halde fram. I dag er det ifølgje Verdsbanken berre ein prosent av Vietnams befolkning som kan reknast som ekstremt fattige.

På den eine sida betyr det at rundt ein million menneske framleis lever i fattigdom, men på den andre betyr det at 99 millionar ikkje gjer det.
Vietnam vende tilbake til verdsøkonomien med eit smell. Relativt sett er Vietnam framleis slett ikkje eit rikt land, og det er framleis langt mellom dei rikaste landa og Vietnam. Men no er det også langt frå verdas fattigaste land opp til Vietnam.
Kommunistane på toppen, saman med dei mange millionane av hardtarbeidande vietnamesarar, har fått til eit aldri så lite mirakel.
Frå eit håplaust og lukka land har Vietnam blitt eit land både bistandsaktørar og fattige land ser opp til som inspirasjon. Vietnam har rett og slett blitt ein utviklingssuksess.
For å kome dit har landet utvikla ei særeiga blanding av sosialisme og kapitalisme.

Utdrag frå Mopeddagbøkene – Utviklingssuksess og kvardagsliv i det nye Vietnam, side 27-32, av Arve Hansen, Fonna Forlag, 2025.
Arve Hansen er fast forelesar for Kulturstudier i Hoi An kvar vår. Han er tidlegare seminarleiar og fagansvarleg for utviklingsstudier.







