
- Argentina
- Spansk i Argentina
- Spansk med exphil og exfac i Argentina
- Spansk grunnkurs i Argentina
- Makt, politikk og religion
Reisetips til deg som skal studera i Argentina
Mange som reiser til Buenos Aires ynskjer å reise både i og etter semesterstart. Argentina og Sør-Amerika har så mange flotte destinasjonar å reise til.

Semesteret går mot slutten, og det gjer diverre også opphaldet i Buenos Aires og på det søramerikanske kontinentet. Det er kanskje også mange som har bestemt seg for at ein vil ta eit semester i Argentina i løpet av neste skuleår!
Sjølv om dei fleste nok også ynskjer å reise til fleire land i løpet av opphaldet, vil dette innlegget bestå av reisetips i Argentina. Ein hadde lett kunne brukt eit halvår, eit år eller meir berre på å reise innanlands – for eit land dette er!
Mar del Plata
Me startar i det nære! Mar del Plata er innbyggjarane i Buenos Aires sin strandby, og i feriane reiser folk i hopetal hit for å liggje på stranda og å bade.

Det går nemleg ikkje an å bade i elva i Buenos Aires (ja, det er elv – ikkje hav!). Når det nærmar seg sommar i Argentina er dette ein fin helgetur, for å sleppe unna storby-støy og kjøle seg ned i havet.
For å kome seg til Mar del Plata er det buss som er tingen, som tar 5-6 timar. Byen ligg på austkysten av Argentina, ut mot Atlanterhavet.
Mendoza
Ein anna populær destinasjon å reise til, er Mendoza. Dette er både ein by og ein provins, og er det mest berømte vindistriktet i Argentina.
Dermed er det gode moglegheiter for å drikke vin. Eg tilrår vin-tour der ein leiger sykkel og syklar mellom vingardane, men ver forsiktig og bruk hjelm! Elles kan ein gå på tur eller ri hest i Andesfjella.

Ei anna tilråding er å finne ein Gaucho-gard som ein kan booke hesteriding og asado (grilling) gjennom. Mendoza er, i alle fall samanlikna med Buenos Aires, ein roleg by med nokre parkar, kafear, restaurantar og butikkar.
Det er mogleg å ta både fly og buss til Mendoza, men bussen tar over 12 timar og det kostar om lag det same som å fly. Og det må nemnast at prisen ikkje er veldig høg!
Mendoza egnar seg fint som ein helgetur, men dersom ein har meir tid, er det også mogleg å ta buss vidare over grensa til Chile og besøke hovudstaden Santiago. Då vil ein ta buss rett fordi Aconcagua, Argentina og Sør-Amerika sitt høgaste fjell på 6961 moh.!

Iguazú
Iguazúfossefalla er eitt av verda sine naturlege underverk, og verkeleg ein klassikar å reise til når ein er i Argentina.
Iguazú ligg nord i landet, og er 18 timar buss unna Buenos Aires. Prisen på buss samanlikna med fly er også ganske lik i dette tilfellet.
Iguazú ligg på grensa mellom Argentina, Paraguay og Brasil, som tyder at det er enkelt å kombinere med eitt eller båe av dei to andre landa. I Brasil er det til dømes mogleg å ta buss til Florianópolis, ein nydeleg strandby med gode surfemoglegheiter.

På paraguayansk side er det ikkje ein så lang busstur til hovudstaden, Asunción. I påskeferien, som var leseveka vår no i vår, var det ein gjeng som tok buss til Iguazú, vidare inn i Paraguay for nokre dagar, for så å avslutte i Florianópolis.
El Calafate og El Chaltén
For dei som likar tur, er El Calafate og El Chaltén fine destinasjonar. Her kryr det av naturopplevingar! Dette er to byar som ligg i provinsen Santa Cruz, som altså er den berømte regionen Patagonia.
Det går an å fly til El Calafate til ein rimeleg pris, og så ta eit par timar buss vidare til El Chaltén.

El Chaltén blir kalla landet sin trekking-hovudstad, og det er ikkje utan grunn. Her er det turar for alle smakar. Den mest populære er kanskje turen til Laguna de los Tres, som gjev superfin utsikt til Mount Fitz Roy, som ofte blir kalla «Patagonia-fjellet».
Dette er ein tur på rundt 8 timar totalt, men det er fleire studentar som har leigd telt og sovepose i El Chaltén, for å få med seg solnedgang og -oppgang frå toppen.

Grunnen til å reise til El Calafate vil eg påstå er å sjå breen Perito Moreno. Det er eit fantastisk skode utover eit massivt breplatå. Det er tilrettelagt med gode stiar til forskjellige utgangspunkt over breen, og det er også mogleg å kjøpe billett til båt, som tar deg endå nærare brefronten.

Det skal nemnast at det er lite Patagonia-klede å få kjøpt her! Så dersom det er alt du er ute etter, ikkje ta deg bryet med å reise hit.
Cordoba
Cordoba er den nest største byen i Argentina, og ligg 10 timar med buss unna. Eit godt tips er å ta nattbuss, for å maksimere opphaldet.
Sjølv om det er ein stor by er den relativt roleg, og provinsen rundt er veldig fin. Det kan difor vere ein god ide å leige bil å køyre rundt.

Det er fine omgjevnadar kor enn ein reiser! Til dømes kan ein besøke Copina og Quebrada del Condorito nasjonalpark, og sjå Las Salinas. I området er det mange fine turar ein kan gå, dersom ein likar det!
Rosario
Eit nytt tips litt nærare hovudstaden, er Rosario. Rosario er nok mest kjend for å vere Messi sin fødeby, men det er også byen der det argentinske flagget vart laga. Kultur for ein kvar smak!
Rosario er ein fin by som er mykje rolegare enn Buenos Aires, perfekt for ein helgetur. Det er også mogleg å kombinere med ein busstur vidare til byen Santa Fe, dersom ein vil sjå fleire argentinske byar.

Argentina har ekstremt mykje forskjellig kultur, natur og opplevingar å by på, så ikkje gløym å utnytte tida til å få sett litt av dette også!
I tillegg finnast det ekstremt mange andre stadar som er fine å reise – som Ushuaía, San Martin de los Andes, Humahuaca, Salta og Bariloche. Uansett kva du har lyst til å sjå og å gjere, finst det i Argentina.