
Siste veka i Buenos Aires
Det var ein gang eit år i Buenos Aires, og no er det over, til alle si store sorg. I dette blogginnlegget tenkte eg skulle ta dykk gjennom den siste veka i den argentinske hovudstaden, som bestod av eksamenar og farvel.

Me hadde siste skriftelege eksamen fredag 23. mai. Dette var ein firetimers eksamen frå 10 til 14. Alle spansknivåa har denne eksamenen, sjølv om innhaldet sjølvsagt er ulik mellom dei ulike nivåa.
Eksamenen består av ein lesedel, som du i etterkant skal svare på spørsmål til for å vise at du har forstått det du har lest. Vidare er det ein grammatikkdel, litt meir språkforståing, og så avsluttar du med å skrive ein liten tekst for frihand.

Av andre eksamenar me hadde, var det ein munnleg eksamen, som for var den neste siste skuleveka. På mitt spansknivå, spansk 1, hadde me då ein presentasjon der me skulle gje instruksjonar eller ei oppskrift.
Min presentasjon var då om korleis ein skulle gjennomføre ein hytte-til-hytte-tur, medan andre hadde til dømes om korleis ein skal feire 17. mai eller korleis ein skal bake ei sjokoladekake. Me har også hatt to innleveringar, som var helga etter den store skriftlege eksamenen.
Ein skriveinnlevering i det skriftlege spanskfaget, og ein prosjektinnlevering i prosjektfaget. Til slutt hadde me også ein innlevering i valfaget, som for min del har vore historie og kultur. Merk at det er litt forskjell mellom nivåa og valfaga på eksamen.

Totalt har ein altså ein del vurderingar, som tar litt tid i løpet av den siste veka. I tillegg var me på skulen som vanleg, slik at det gjekk mykje tid til å gjere skule. Heldigvis fekk me også tid til å nyte litt og seie hadet til Buenos Aires.
Det inkluderte kulturopplevingar, mykje is, empanadas og biff, og sjølvsagt ein god avslutningsfest!
På måndag var eg på Boca-kamp inne på La Bombanera, for fyrste gang. Det var ei sinnssjukt kul oppleving! På førehand hadde eg høyrt mykje om at det er farleg, men det er ikkje så ille som ryktene skal ha det til.
Det er berre heimefans på stadion, så ein får ikkje nokre ubehagelege situasjonar mellom fansen til dei to laga. Me kjøpte billettar gjennom ein argentinar som driv med «dealing» av billettar, noko som kanskje ikkje er heilt lov.

Billettane er også rimeleg dyre. Men, då var me i ei gruppe saman med andre turistar som også hadde kjøpt billettar gjennom han.
Me møtte på ein gjeve oppmøtestad, og han fulgte oss rundt i området rundt stadion og inn på kampen. Plassane våre var med det som me trur er den mest ihuga fansen, og det var sang og roping frå start til slutt. Utruleg gøy!
Dersom ein ikkje får tak i billett til kamp, er det også veldig gøy å henge i området rundt stadion og eventuelt sjå kampen på bar! Det er mykje liv i gatene, bodar som sel drakter og anna merch, choripan og anna mat, og sjølvsagt fernet.

På onsdag var det ein gjeng som var på dans for siste gang, på La Paz Arriba. Dette er ein bar som har dansetimar, og på onsdag er det bachata og salsa. Det kostar 5000-7000 peso for inngang, uansett om du skal danse eller ikkje.
Det er fullt mogleg å berre reise dit for å ta eit glas vin og vere sosial! Dansetimane er delt opp, slik at nybegynnarar er på ei side av lokalet, og vidarekomne på ei anna side.
Etter timane er ferdig, dei varer i om lag 1 time kvar, så er det live musikk og fridans. Å prøve seg på dans vil eg verkeleg tilrå dersom du skal til Buenos Aires!

Ein anna danseklubb ein eventuelt kan reise til, er La Salsera. Her er det ikkje så mykje bar-opplegg, men gode dansetimar!
Torsdag åt eg ein siste biffmiddag med kollektivet, på La Cabrera. Det er også ei varm tilråding. Eg er generelt ikkje så glad i biff, men denne solgte til og med meg. Det er veldig rimelege prisar til å vere ein god restaurant, og du får mange gratis, små sides til kjøtet.

Fredag var det duka for avslutningsfest for semesteret, som blir arrangert av dei flinke koordinatorane, Lucia, Julia og Morena. Denne er for både elevar og lærarar, og gjekk føre seg på ein bar i San Telmo.
Her var det open bar, mat, kåringar og karaoke. Kåringane blir arrangert av studentane. I år var opplegget slik at ein kunne kome med forslag til kategoriar, og så vart dette oppretta eit spørjeskjema der ein kunne stemme etterpå.
Kategoriane var blant anna årets flørtepus, årets gledesspreiar, årets kokk og årets danseløve. Underteikna vann årets kokk og var superforngød med det! Me sang, dansa og snakka til rundt midnatt, og så gjekk turen vidare til byen eller nach for ein del, medan andre reiste heim. Eg var i siste gruppa, sidan eg hadde eit tidleg fly vidare til Ecuador.

Og med det var året med Kulturstudier over og vårsemesteret i boks! Nokre studentar reiste vidare i Sør-Amerika etterpå, andre reiste heim til Noreg.
Alle har eit fantastisk opphald bak seg med ekstremt mange nye inntrykk, opplevingar, erfaringar og venner. I Buenos Aires har det vore både studentar rett frå vidaregåande, studentar med bachelor, studentar undervegs i bachelor eller master, og studentar med ferdig master.

Det er altså rom for alle uansett kva alder eller utdanningsnivå du har, så dersom du vurderer å reise – gjer det! Eller reis til Sør-Amerika og Argentina som backpackar, du kjem ikkje til å angre.
Takk for at du har lest og takk for i år!